Reisebrev frå Zakopane 09.11 - 12.11.08

Etter nokre dagar i Gdansk så bestemte me oss for å reisa til Zakopane. Reisa passa fint sidan da ikkje er direktefly mellom Bergen og Gdansk. Me hadde også kjøpt nye ski som me måtte testa ut. Alt var planlagt nokre månader i forvegen for då kom da over ein halv meter snø i fjella i Zakopane. Zakopane er Polen største og mest kjente skisted. Så da måtte jo berre prøvast.

Me tok nattoget frå Gdynia til Zakopane. Billettane vart kjøpt nokre dagar i forvegen og prisen er ikkje til å klaga på. Ettersom turen tek 15 timar så vart da første klasse. Og glad er eg for da. Me hadde oss ein liten tur gjennom toget og såg på dei andre klassane som var der og da var som eit tog frå 50 taller her heima. Hjå oss var da heilt nye lugarer med full service. Me fekk tilbud om kaffe eller te når me kom ombord og vart vekt når me nærma oss Zakopane. Vel å merke med 15 timar reise så var me nok vaken før den tid. Fekk med oss at me vart kobbla frå eit tog og til eit anna fleire gongar. Toget gjekk gjennom Krakow og her stoppa me først på stasjonen. Vart frakta ut i den andre enden for så å verta frakta inn igjen på stasjonen for så å verta dradd ut igjen same vegen som me kom innførst. Men no bar da tydlegvis rette vegen til fjells. Men halvegs oppe så var da stopp igjen og i sporet ved siden av kunne ein tydleg sjå lokomotivet koma aleine forbi for så å verta kobbla på i andre enden og no bar da tilbakars på same sporet eit stykke for så å svinga av mot Zakopane. Og prisen for sette showet: 400 kr pr pers. Ikkje gale da på første klasse.

(Klikk på bilde for stor utgave)